tirsdag 1. februar 2011

Buttercup


Eg har fått ferdig eit nytt "fjernsyn og bilstrikk"

Denne modellen har eg brukt før. Eg likar så godt denne toppen og denne gangen strikka den noko lenger slik at eg har fått meg ein ny tunika. Den er strikka i Merino Silk frå Hjertegarn. Mønsteret har eg henta her.

Den passar fint utanpå denne kjolen og med tights eller posebukser under er eg klar for det meste.....;o)



Den vesle rosa kanten ved hals og erme er prikken over i'en synes eg. Og fasongen med den vesle mønsterborda ved utringinga er nydeleg....


No tenkte eg å gjere ferdig nokre av alle dei mange prosjekta eg har i arbeid samtidig. Det er ein god plan......, men som fort blir endra då mellomstegullet så gjerne skulle hatt ny vest og ein ny bolero til tunika og bestekjolar......


Ja, ja småprosjekt kan ein glatt putte inn både her og der......;o)


Ha ein god dag!

3 kommentarer:

Ann Tove sa...

Den kjolen ser herleg ut. Fin farge, og stilig med den kjolen under.

Kerstin sa...

Alltid like morsomt å se i bloggen din. Du er så kreativ og inspirerende :)
Veldig fin tunika du har laget. Nydelig farge.
Klem

Svalen sa...

Så flott tunika du har strikket, anvennelig til de fleste anledninger.
Ha en god dag du også.