torsdag 3. februar 2011

Fleire prosjekt....

....i arbeid på ein gang er vel meg i eit nøtteskall......


Det kjem i vert fall ikkje uventa på dei som kjenner meg.... og eg får vel høyre det nokre gangar....

Men det er no ein gang slik at eg har så mykje eg vil prøve ut. Eg let meg lett begeistre av vakre tepper, mønster, idear, fargar og utrykk som eg så gjerne vil sjå korleis blir..... gjerne med mine fargar.....

Så også med dette prosjektet som kan bli teppe, eller enkeltprosjekt/bilder. Det er ein BOM frå Quiltegården som eg "berre måtte ha".....

No er januarblokka ferdig og eg kan legge den til side og vente på neste blokk.



Tenkte eg for ein gang skuld skulle halde meg til fargane som er tenkt og som eg har fått...... Ei utfordring for meg.....





Sjå alle dei vakre fargane eg har fått tilsendt. Det skal rekke til alle 12 broderia. Kvar månad får eg og tilsendt ferdig oppreikna broderi klart til å brodere..

Det er ikkje vanskeleg å sette i gang då.....;o)

Og med slik ein vakker boks til å ha tråden i blir gleda om mogeleg endå større! Den var eg så heldig å få til jul, tusen takk for det!;o)

Eg har det godt!

Håpar du og har det godt og gjer dagen din god!

2 kommentarer:

Orlaug sa...

So fint det var.......spennande med prosjekt.
Eg har òg brodert litt i det siste, men veit ikkje heilt kva det blir ut av det til slutt.
Ha ein fin dag, det har eg òg, heldigvis!

Anna O.Nilsen sa...

Nydelig stitchery å den boksen var jo riktig lekker.Ønsker deg ei god helg.