lørdag 19. februar 2011

For korte dagar....


Av og til blir dagane forunderleg korte.....

Det er dei gangane eg har mange kjekke ting på gang i tillegg til dei vanlege må-gjere-tinga......
Eg står opp om morgonen og omtrent "før eg får snudd meg" så er kvelden her...
Eg har hatt ei slik veke. Den har vore full av gode stunder saman med familie og venner, daglege trening, massasje og huslege må-gjere-ting.....

Difor har det vore stilt her. Pausene har eg brukt på bunadssaum og strikketyet.


Foldene på stakken er no fine. Ulltråden inne i stakken manglar enno samt bandet i livet.
Vidda på stakken må justerast med legg på det glatte stykket midt framme før eg kan sette på bandet. Men med vinterferie burde vel eldstegullet og eg kunne klare å få det til......;o)

Elles har alle andre kantar no fått band. Forkledet er ferdig;o) Livet skal nålast saman og prøvast før eg syr det saman i sidene.

Deretter skal stakk og liv syast saman for hand.


Eg har fått materialet til lomme. Det har vore eit lite puslespel, for det ser ut til at bunaden er samansett av forskjellige sortar av sunnfjordbunaden....

Banda på livet er frå ein type bunad, men er sette på etter ein anna "modell". Fargane og motivet på broderiet er truleg og frå to forskjellige bunadar...

Men med god hjelp frå bunadseksperten har eg no fått stoff som passar i farge til ullstoffet i bunaden og ulltråd til broderiet som passar i fargane med broderiet på livet.
Vi landa på raude kantar på lommen og så må eg finne ut om eg skal ha kvit eller gult broderi ved denne kanten. Det kan vente til eg har brodert ferdig sjølve motivet.
PHU! Eg er imponert om du har greidd å følgje med heilt hit. Det skal du "få" denne nydelege rosa for!;o)

No er det helg og eg skal ta "helgefri" frå bunadssaum.... Eg har lyst til å sy heilt andre ting!

Hovudet er fullt med mapper, vesker, kjolar, dukar m.m no når eg ikkje skal sy slikt.... Så for å "rydde plass" (i hovudet til bunadssaum.....) skal eg rigge meg til med lydbok på syrommet;o)


Ha gode dagar!

2 kommentarer:

Ann Tove sa...

Dette ser flott ut. Føler med deg, når det gjeld å sy på bunad, men har lyst å sy andre ting..
Men du er snart ferdig, då kan du kose deg med alt det andre. Ha ei flott helg.

KariL sa...

Bunadssaum krev si hand. Greit med helgefri. Det har eg òg tatt. Alltid noko som er meir forlokkande å drive med når ein skal ha helgakos.
Ha ei fortryllande hel:)) Klem!