søndag 13. februar 2011

Morsglede...


Denne dagen har bydd på mykje glede!
Vi starta med rask frukost før vi sette kursen for Storhallen og fotballturnering for minstegullet.

Rusta med ull, ull og ull heia vi fram laget. Etter 4 kampar måtte eg diverre ta turen heim att, men min kjære og mellomstegullet kunne heie dei heilt fram. Ei god blanding med uavgjort, tap og seier er greitt når hovudtanken er leik og ha det kjekt saman.

Vel heime kosa eg meg i sofakroken med fyr i omnen, levande lys, strikk og varm drikke. Det var nødvendig for å få varmen i kroppen att, men det gleda eit morshjarte å sjå og høyre gleda ungane har av lagspelet.

Her er eit stemingsbilete frå ettermiddagen min og utsikta frå sofakroken.... Ein nydeleg orkidé som eg fekk i dag og nokre av englane mine. Den fremste var og morsdagsgåve.

Dei to i glaskarmen har eg strikka og tova.


Strikketyet er den vedunderlege tråden frå Jæren. No er og ermane kome på pinnen. Tanken er raglanfelling og v-hals.....
Blondestrikket med vekslande tråd synes eg fungerer bra, det første mønsteret eg prøvde vart forkasta.....;o)

Ettermiddagen vart avslutta med nydeleg middag laga av min kjære og denne gode kaka som eldstegullet trylla fram.
Eg er så glad for at ho gladeleg lagar sukkerbotn, piskar krem og kjevlar masipan.
I dag var kaka fyldt med krem med bringebærsmak og pynta med marsipan og bær.
Passeleg søt-syrleg til kaffien!
Endå kjekkare var det at vi kunne dele den med søstera mi og hennar familie;o)
Ein god morsdag med andre ord!
Ha gode dagar!

3 kommentarer:

SNILLPIKE♥ sa...

Mmm den kaka så helt nydelig ut. Flink jente du har da. Koselig at ungene finner fritidsaktiviteter som de trives med.

Jeg er veldig spent på strikketøyet ditt, synes fargen og mønsteret er så fint, så jeg gleder meg til å se det ferdige resultatet. Er veldig glad i engler jeg òg, dine var så fine.

Ønsker deg en flott kommende uke, klem ann helen

KariL sa...

Å den kaka var sikkert god. Og flott var den også. Nå håper eg at du har funne varmen. Som du seier, det er berre ull som gjeld om dagen. I kvelder det virkelig hustrigt.
Ha ei riktig god veke!
Klem!!

GNIST by Gitte Bettina Lauridsen sa...

WOW! Det var kaka si det!!! Strikketøyet ser veldig fint ut!! Blir gøy å se når det er ferdig!