fredag 11. februar 2011

SOL!!

Dagen starta med morgonmøte med gode tilbakemeldingar så resten av dagen blir det solskin både ute og inne;o)
Det er utruleg kva lys kan gjere med ein. Eg har ikkje vore humørsjuk, trur eg ... ikkje som eg har merka.... Men solskin gjer at eg har lettare for å smile....
Bunadssaumen går bra. Stakken er dampa og foldene fine. Alle banda er i hus så no kan eg kante stakk, forklede og vest.
Og så strikkar eg litt inn i mellom....

Dette sjalet er eit av mine favorittmønster.... Eg har strikka det før, og no måtte eg berre lage eitt til.
Eg har brukt ca 160 gr Milk & Honney frå Viking garn.
Tråden har eg ikkje prøvd før, men resultatet vart eit nydeleg mjuk og lett sjal til vår og sommarbruk.
Tråden vart kjøpt for nesten eit år sidan då eg var på Haugland.... jau, tida fyk!
No er det tid for helgevask, kattekos og bunadssaum;o)
Ha gode dagar!

3 kommentarer:

GNIST sa...

Her er det ikke sol, men bloggen din som gjør meg glad!! Gøy å lese om dine ulike prosjekter og iver etter å prøve ulike former for håndarbeid!

Trollkåno sa...

Nydeleg sjal, so fin den kanten rundt.
Her har me òg nydeleg vintervèr i dag, nesten so ein får enegi.......men ikkje til husarbeid, heller handarbeid.
Ha ei fin helg!

Merete sa...

For et nydelig sjal, herlige farger! Du er modig som setter igang med bunad! Har du gjort det før?