onsdag 9. februar 2011

Å gjere noko nytt....


resulterer i mykje.......

Fyrst tenkjer ein, "skitt dette greier eg!!"
Så skubbar ein det føre seg i månadsvis......

Så tek ein seg i å tenkje: "å, no må eg berre starte...."

Så går det endå nokre månader og så bestemmer ein seg for at februar er månaden for å gjere det!

Ein"tek ein tak i det", ber om eksperthjelp.... Heldigvis har eg systera mi som kan hjelpe og puffe på meg.

Søndag var eldstegullet og eg hos ho, med bunaden som skal syast om. Systera mi prøver, nåler, forklarer, sprett av band m.m. og nåler på nytt. Ho er gull verdt!!!


Dermed er eg i gang. Eg har starta på stakken der foldane må dampast og leggast på nytt. Halve stakken er ferdig nåla no;o)

Livet må syast inn, forkledet er no smalt nok og nytt band skal på plass. Beltet må og takast inn og skjorta skal få knapphol. Der er eg og heldig for mamma vil hjelpe meg med det;o)

Det som då gjenstår er ein ny lomme, så kan eldstegullet ha bunad til konfirmasjonen i mai......

..... og mora vere ei erfaring eller fleire rikare.....

Ha gode dagar!!

3 kommentarer:

Ann Tove sa...

Kjenner meg igjen der. Enkelt å utsette slikt arbeid, men plutseleg MÅ ein berre sette igang.
Eg held på med det samme som du, so eg veit kva du har å gjere på framover. Mykje arbeid, men flott når det er ferdig.
Gode å ha gode hjelparar.
Ha ein fin dag.

KariL sa...

Ja det er liksom tida for bunadsfiksing eller nysaum no. Godt med gode hjelparar. Lykke til!
Ha ein god kveld!

Bestemor Drillo sa...

Hjelp! Det der hadde jeg aldri greid!
Beundrer alle som gjør slike ting!
Klem!