tirsdag 29. mars 2011

Den strikkeglade engel....



Dette er og ein av figurane vi kunne sy på kurset til Kari.


I mangel av kvistar, som ho har brukt til vengjer, fann eg fram dei lange strikkepinnane mine som ikkje er i bruk lenger. Vel, no har eg funne eit nytt bruksområde til dei;o)


Kvisten med puffa ris, har eg teke vare på. Den var på ein flott dekorasjon eg hadde for ei tid tilbake.





Det er kjekt med det som kan komme til nytte.....;o)


På strikkepinnen har eg tredd ein blonde for at venga skulle bli fyldigare...;o)



Forklede er ein bit av ei blondegardin som hang i barndomsheimen min.


Den er i bomull, men er noko slitt så no egnar den seg best til kreative krumspring....


Som de ser har ho fanga frosken, skal tru om det kjem ein prins.....?





Idèen til håret er det Kari og Laila som hadde.


Eg var ikkje sein om å "adoptere" den. Stålull kan brukast til så mangt, ikkje berre til oppvasken...


Det er kjekt å kunne utfalde seg og gjerne bruke litt av dei gamle tekstilane og tinga ein har samla på...


I dag skin sola på ny, kvit snø i Florø, og eg som trudde våren skulle komme no.....



Ha gode dagar!

4 kommentarer:

Kerstin sa...

Herlig engel :) . Nysnø her også idag. Bare å bite tenna sammen og vente på våren :) Har kjøpt meg litt vårblomster som jeg kan ha inne ihvertfall. Hjelper det :)
Klem

KariL sa...

Så nydelig. Helt kongelig. Å bruke gamle tekstiler med historie gir den sjel. Du er så kreativ.
Ha ein god dag med nysnøen. Den gir i allefall mykje lys, men ellers er det våren eg venter på òg.

Ann Tove sa...

So fin engel. Ja, det er godt å få bruke av det som vi har liggande. Her var mange artige gjenbruksting. Her på Atløy, Herland, er det ikkje snø, men sol og vind. Sit inne og broderar på bunadlomme før eg skal til Askvoll på arbeid.
Ha ein kjempefin dag.

Anna O.Nilsen sa...

Den nydeligste engelen jeg noen gang har sett.Riktig så sjarmerende.Håper du stikker innom bloggen min å henter en Award jeg har til deg der. Klem fra Anna.