mandag 28. mars 2011

Den tenkande.....



Denne karen flytta inn i helga....;o)


Eg var så heldig at eg fekk vere med på kurset som Kari Nyttingnes Grødem hadde i Florø i helga.


Det er alltid inspirerande å vere saman med Kari og nok ein gang hadde ho haugevis med inspirasjon og modellar som vi kunne "fråtse i".

Ho deler villig med oss og boblar over med endå fleire gode idear, som kjem oss som var på kurset til gode.


Dette er ein av dei mange figurane hennar. Det tok ikkje lang tid å finne ut kva figur eg skulle starte med......



Det var ikkje berre eg som smelta heilt og fullstendig;o)


For mange vart det ei travel helg! Eg putla på i mitt tempo og fekk eit stort innskot på inspirasjons kontoen og kontoen for glede!


Det blir nok figursying ei stund framover, vil eg tru.....


Ha ein god dag!

3 kommentarer:

KariL sa...

Skjønner godt at du falt for denne. Helt herlig. Synd eg ikkje fekk med meg denne kurshelga. Kari er en utruleg kursholder. Gleder meg til å sjå meir. Skal følgje med.
Ha ei fortreffelig veke!

Anne Lise sa...

Denne krabaten var virkelig skjønn. Forstår at et kurs med slike figurar er kjekt. Er dette ei som reiser rundt og holder kurs?

Orlaug sa...

Åja, detta kurset hadde vore kjekt for nokon kvar, ser eg........flott resultat!