torsdag 10. mars 2011

Smått og godt.



Så kom det ein ny vinter.....
Det positive med det er at det på nytt er lyst og fint ute. Det ser og ut til at sola kjem fram i dag, i vert fall i peiodar....
Det var friskt og fint å gå morgontur og med sola i sikte kom smilet!;o)
Inne har eg lydbok, handarbeid og varm drikke så då har eg det bra;o)

I det siste har eg putla med nokre småting, i dei små og store pausene som må til.
Først måtte eg berre prøve denne oppskrifra. Du finn den her.
Med glade fragar blir ein i godt humør når ein finn fram nøklane. Det er og positivt at dei ikkje så lett blir vekke med denne hengande på.....;o)



Eg har sett at fleire i det siste har laga desse erteposane.
Eg hugsar dei frå gym-timane for ikkje så lenge sidan.....;o)
Med fragerike stoff, nokre band og ein pakke erter vart det fargerikt leikety til glad leik.
Dei har vore i flittig bruk av både små og store..... Eg tenker at dei og blir kjekke ute, når våren no ein gang kjem....
Vil du har framgangsmåte til å lage dei, kan du finne ei her...


Eg har alltid med meg ei flaske på trening og til tider har eg godt kunne tenkt meg å henge den frå meg, spesielt i bassenget eller på sykkelen.
Difor laga eg ei enkel veske. Eg trur stoffet er ein slags voksduk. Om den blir våt tørkar den fort og er kjekk å henge frå seg eller om halsen. Då er vatnet alltid for hand og eg kan trene litt lenger..... !!!
Denne er laga av to bitar stoff, og vil du ha framgangsmåte er det berre å spørje så kan eg forklare....;o)
Ha fine dagar!

2 kommentarer:

SNILLPIKE♥ sa...

Erteposer husker jeg òg godt i gymmen, for noen få år siden............. Har kjøpt inn erter for noen måneder siden, for å lage erteposer men TTT.

Har giveaway på bloggen min, du er velkommen til å være med om du vil.

Ønsker deg og dine en flott helg, klem.

KariL sa...

Så mange herlige putlerier du har kost deg med. Likte pynten til nøkkelen veldig godt.
Ha en fortreffelig helg!
Klem!