onsdag 6. april 2011

Det ynglar........



.... og det har blitt ganske mange etter kvart....


Her har dei invadert krukkene mine. Fin pynt til vårblomane mine;o)


Det har vore kjekt å lage dei. Det kjekkaste har vore å lage klede og pynt.


Medan eg har strikka eller sydd til den eine, kjem idear til den neste.


Eg har til og med litt klede på lur, til byte eller fleire kaniner.....


Her har den eine prikket buksedress og skjerf.


Den andre i festkjole. Livet er hekla og skjørtet er rynka til. Det er ein eksklusiv kjole, der stoffet til skjørtet er ettertrakta....;o) og jammen fekk eg meg ein bit!




Her har eg teke strikkepinnane fatt.


Den øvste har fått genser med fletter og hol strikk og ei feiande flott ballongbukse....


Den sjenerte, som gøymer seg bak eit blad, har strikka genser og selebukse.




Her er eit par som kosar seg i perleblomane mine.


Begge har strikka genser, den eine i eit snerte skjørt og den andre ei vårleg bukse.....


Den nedste har sikra seg ein bunt gulrøter. Eg trur dei har hatt gode vekstvilkår;o)


Han har pynta seg, i ei vårleg selebukse og slipset på skrå....;o)




Eg er så heldig å få denne awarden frå to stykker. Den kom frå Merete og Anna kikk gjerne innom å la deg inspiriere. Tusen takk skal de ha!


Eg lagde eit innlegg til dette, men det "levde sitt eige liv" og eg var ikkje nøgd med det, så det kom aldri på lufta.


Eg gir den vidare til andre bloggar som fyller krava, det er så mange av dokke der ute.


Ha gode dagar.

3 kommentarer:

Orlaug sa...

So fine dei er.......ser ut som du har fått skikkeleg dilla på dei her, og for ei herleg dille å få!!

Anonym sa...

Herlighet for noen flotte kaniner du lager.

Ligger en award til deg på min side.
Ha en fortsatt fin dag.

Margit sa...

så fine dei var - skjønar at det vart mange av desse :)