lørdag 30. april 2011

Sol, saum og strikk....


Dei to siste dagane har eg hatt påfyll av teori.

Budsjett og strategi går fint når ein kan kombinere sol og gruppearbeid.....;o)

Vel heime fekk eg tilbringe ettermiddagen i solkroken med strikkety. Då kunne tankane fare og eg fekk sortere og tenkje gjennom ny kunnskap.


Strikketyet var og med meg på turen, men denne gangen det ikkje strikka ei maske, verken på køyreturen eller om kvelden. Det er heilt uvanleg!

Eg stupte i seng metta av inntrykk, ny kunnskap og med taffelmusikken ringande i øyrene.....

Middagen vart akkompanjert med to på keyboard og sang, eg tykte det var noko travelt...., men det hadde vore betre om dei traff tonen....


Men nok om det;o), kva gjer ein når ein vinn slikt eit flott stoff?

Jau, eg har laga ny og større strikkeveske.

Gjengen i "Sjeive Sting" var samla i veka som var. Det var ein kjekk kveld med "lått og løye", durande symaskiner og alle gjekk heim med kvar si veske/mappe.



Mi har nydeleg, romantisk motiv, kombinert med matchande rosestoff.

Og strikketyet, det skal bli ein bolero til veslegullet;o) og manglar berre ein hekla kant.

Eg tenkte å gjere den ferdig i kveld, så no er det tid for heklekroken.......;o)



Ha gode dagar!

2 kommentarer:

Mona sa...

Nydelig pose du har sydd. Kjekt å ha til strikketøyet eller syprosjekter. Ha en flott uke.

Ingeborg Lura sa...

Lekkert strikketøy. Passa godt sammen med den nydelige strikkeposen. Ha ei fin helg.