Det nærmar deg konfirmasjon og dei siste dagane har gått med til div. praktiske oppgåver som eg no kan ta til med.
Nokre ting må ein berrre vente med til dei siste dagane.
Til tider har eg slappa av med handarbeid og gode venner. Det er og viktig!
Boleroen til veslegullet er ferdig. Ho har sjølv vald tråd og knapp. Eg likar godt at ho torer å bruke fargar.
Eg fann ikkje oppsrift som eg var nøgd med, så denne er og strikka etter innfallsmetoden...;o)
Raglanermar og heklelant nedst var utgangspunktet og så ville eg ha den lett og luftig.
Gullet er nøgd og då er eg nøgd;o)
Konfirmanten har og leika seg. Ho har teke foto av maleriet sitt og overført det til stoff. Nokre saumar, ein blome med litt perler og vips så har ein ein unik topp.
Eg er så glad ho har idear, prøver dei og lærer undervegs.
Ho spør meg til råds når ho står fast, men som oftast ser eg ikkje det ho lagar før ho brukar det eller det er kome på prøvedukka.
Bunaden er omtrent ferdig, ein trykknapp og ei siste prøving vil vises om eg er ferdig. Bilete vil kome om litt.
Mørket kom før eg avslutta saumen for dagen så bilete får vente til dagslys.
Tenke eg og skulle dele nok eit bilete av den vakre kveldsutsikta mi.
Det er fantastisk å kunne sjå dette dag etter dag. Håpar at det gode vårveiret vil fortsette til vi er ferdig med konfirmasjon og 17. mai.
Gjerne lenger, med regn om natta og sol om dagen.....;o) og litt mer varme.....
Ja, ja vi tek i mot det vi får og nyt sola, fargane og våren.
Ha gode dagar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar