tirsdag 26. april 2011

våryr.....

Eg er utruleg heldig som kan fortsette rett opp i skogen etter å har følgt veslegullet på skulen.

Rett opp i eit vedunderleg turterreng som byr på fantatsisk utsikt når ein tek ein kvil og snur seg mot havet;o)

Enno må eg ta små turar, men målet er å nå toppen og på vegen opp kan eg og nyte synet av øyer, hav og himmel.

Og på ein slik dag,som i dag med blå himmel og go'veir- skyer er livet godt!


Eg blir rett og slett i godt humør av å gå i solskin, men kven blir ikkje det?

Vi har funne fram utemøblar og eg har samla nokre kvister og liljer i ein mugge som prydar ei av sittegruppene vi har ute.

No har eg i tillegg lagt på ein av dukane eg sydde i påskehelga.

Den er lys og sommarleg og minner om at no er vi endeleg inne i denne vakre, lyse årstida.



..... endeleg kan vi ha opne dører, puter i stolen og handarbeid i solveggen.....

Nyte og vere like mykje ute som inne. Tusle turar i skog og mark, nyte blomar og grøn natur!

Mønster til duken fann eg her. Den var kjekk å sy og eg kunne bruke både lyse, lette stoff i tillegg til gode fargar. Eg har brukt fleire lyse stoff og fekk liv i dei lyse felta.


Eg har quilta i grøfta..... eller i saumen og har brukt bomullsvatt.

Eit koseleg arbeid og eg fekk jammen lyst til å lage fleire lyse lette dukar med nier-blokker......;o)

Berre sjå kor fin den er i vårsola! Med sementegg frå Kari's Blomster;o) og muggen den er den mamma som har funne.

Ho er ein mester i å finne bruktskattar!

Nei, no må eg innom syrommet, lysta til å sy vart påtrengande når eg ser bildene av duken......;o)



Ha gode dagar!

3 kommentarer:

KariL sa...

Nydelig sommerduk i herlige farger. Kan bli mykje glede av slikt på bordet.

Klem :)

ALPAKKA sa...

Hei! Måtte inn og sjå veit du :-) fAlltid spennade å møte nye bloggarar. Du for ein fin heading!! Reknar med det er noko du har laga. Skal følge med her :-)

helsing frå meg nord om Stad

Mona sa...

Så fine ting du har ferdigstilt. Flott med link.... Ha en super helg!