mandag 25. april 2011

Familiefest!

April er månaden for fest og feiring i vår familie. Det er mange som skal feire bursdag og to av dei er eg heldig å vere faste til.

Heilt sidane eg lagde denne, har eg tenkt at den passa fint til gåve til sjuåringen som hadde bursdag no i påskeveka.

Eg hadde pels-stoff til kroppen, fann ullfilt i ein nydeleg lilla nyanse og buksestoff frå lageret.



Så medan min kjære og jentene var på påsketur sydde eg denne karen.

Det er kjekt å sy slike figurar, men no har eg ikkje meir pels-stoff så eg tenkjer eg må teste ut ullfilt og bomullstoff om eg skal lage fleire....;o)

Eg trur den vart godt likt av ho som pakka opp pakken. Det er ikkje første gangen ho får heimesydde gåver....;o)



Broren hennar har og bursdag i april. Han vil som oftast ha med seg ein liten pose til ting og tang når han er ute på tur.
Mange gangar har han kome med ein blå, liten plastpose lik den ein får på apoteket. Den har rett strørrelse!

Eg synes no at plastposar ikkje er det optimale og sydde difor ein pose til gullet, i rett størrelse og med traktor på.

Det var rett sort traktor til og med, John Deere må vite!!
Pappa har hatt John Deere så lenge eg kan hugse.... og no har bror min overteke garden og har same traktor..... Så det er berre den som gjeld i familien.....;o)

Den gjer seg som motiv på posar og....;o) Pose og lego fall i smak hos gullguten.


Ha gode dagar!

2 kommentarer:

janses.blogspot.com sa...

Hei hei :-) Denne kaninen var kjempesøt, helt vidunderlig. Kan man kjøpe mønsteret noen steder, en bok f.eks? Det var også en god ide å lage en lekepose til å ta med på tur. Ha en fin dag. Mvh Janse

Margit sa...

Så fin påske-kanin og tøff pose!