tirsdag 12. april 2011

Vel blåst;o)




Søndag var ein kjekk, inspirerande, travel dag;o)



Vi var heldige og fekk høyre Kari Renolen sine erfraingar og bakgrunnen for bladet My Quilt.


Vi kunne sjå og kjenne på modellane dei har i blada sine. Som du ser var dei fleste av modellane med.



Vi fekk og smakebitar frå det nye bladet som truleg kjem i posten denne veka;o)





Mangfaldet var stort og favna alt frå dei som nett har starta med å sy, til erfarne quiltarar med store, flotte tepper.



Her er eit bilete frå dei nye. Det er elevar frå Florø ungdomskule som har gjort seg kjend med symaskina. Det har resultert i bilete, blokker og redesign.



Det er kjekt og viktig at dei unge får prøve seg og kan få oppleve skapargleda;o)







Eg tok nokre bildete frå utstillinga, men ikkje så mange som eg gjerne skulle teke. Slik er det når ein er med å arrangere, då har ein fokus på det ein skal gjere og rekk ikkje alt ein gjerne skulle...



Eg gledar meg i staden over alt det eg fekk sjå og kjenne på. Og ikkje minst at eg fekk prate med mange flotte damer med same interesser som meg.








Noko som imponerte meg er damene frå Vågå som starta reisa kl o4.30 for å komme på treffet.




Men som ei av dei sa, "når ein har denne interessa og likar å reise, då gjer vi det".




Det spørs om vi ikkje skulle gjere som dei!



Det var og mange andre som starta tidleg denne dagen, om enn nokre timar seinare....;o)





Vi var og heldige å fekk høyre om arbeidsprosessen til Hulda Bjerkaker sitt bidrag i kokurransen til NQF, "Suppe på en spiker"


Dette er eit utsnitt av arbeidet.

Det var ein nydeleg quilt med vakre fargar og mange, mange teknikkar.




Eg var og heldig som fekk sjå og kjenne på dette teppet.






Heilt sidan Laila viste det på bloggen sin har eg håpa eg kunne sjå og kjenne på det.

Og vi var så heldige å sjå og kjenne på to!!



Laila sitt er maskinquilta og med nye og andre stoff enn orginal modellen. Ei nydeleg arbeid og fantastiske fargar.





Og dette som Berit Mjåset har sydd og handquilta!


Ho har brukt dei opprinnelege stoffa, og fortalde at ho har brukt 10 år på det. Ho fekk det ferdig rett før treffet. Til stor glede både for oss og seg sjølv.....;o)


Eg er rett og slett imponert over arbeidet! Tenk å har slikt tolmod!



Begge arbeida er nydelege, men det kjem nok ikkje til sin rett på bileta. Det var det veldig kjekt å sjå dei "live"


Eg har fått ein stor dose inspirasjon og glede og håpar alle som var innom har fått det same!

Ha gode dagar!

3 kommentarer:

KariL sa...

Ja det var ei flott helg, med mykje inspirasjon. Moon Glow teppa var veldig kjekt å få sjå. Det har vi gleda oss veldig til lenge. Mine bilde ligg på mobilen og eg veit ikkje korleis eg få dei over til datamaskina ;o) Har ikkje kabel enno.
Ha ein fin dag i solskinet!

Klem :)

Haldis sa...

Takk for ein kjekk dag i Florø! De kan vere stolte av gjennomføringa, oversiktlig utstilling og god mat. Kjekt å få studere og kjenne på modellane til Kari Renolen.

Laila sa...

Ja, dette kom de godt ifrå :) Flott utstilling og fiskesuppa er den beste eg har smakt. Fine gevinstar på lotteriet og eg var så heldig å få reise heim med to av dei!! Kjekt å få handhelse på "bloggbekjennskap" også. Alt i alt ein flott dag i Florø. Takk skal de ha.