tirsdag 10. mai 2011

Eit kryss her, og eit kryss der ;o)



Listene som eg har laga fram til konfirmasjonen får fleire og fleire kryss.....;o)

Ting er på plass, er avklart eller bestilt og skal hentast eller ordnast siste dagane.

Ei stor lette er at denne er ferdig!

Eg er ei erfaring rikare og har vel funne ut at bunadssaum er noko eg ikkje har lyst til å halde på med......



..... men eg har kome i mål, og eg har gjort det sjølv med god hjelp frå søstera mi!

No er det berre ein haug med skjorter som skal strykast, litt bordpynt som skal lagast, bake litt, lage merinade, og .... og så .....
Jau, det er enno nokre punkt på lista, men eg trur nok vi kjem i mål utan å stresse meir enn kva godt er;o)

Men eg tenkjer eg skal gå i gang med bakinga slik at eg kan sette enno eit kryss i dag!;o)

Ha gode dagar!

3 kommentarer:

Laila sa...

Dette står det verkeleg respekt av!! Gratulerer med vel utført jobb, og lukke til med resten av førebuingane - og sjølve dagen.

Anna O.Nilsen sa...

Bunaden ble jo kjempeflott.Er snart ferdig med de bunadene jeg tok på meg å sy å jeg må bare si meg helt enig med deg at det blir ikke flere på meg.Har aldri sprettet så mye som jeg har gjort på denne vesten.Gleder meg til å gå tilbake til quiltinga.Ønsker deg til lykke med konfirmanten.Ha ei god uke videre.

KariL sa...

Nydeig arbeid du har utført og veldig kjekt for konfirmanten. Stasplagg som varer livet ut.
Bunadssaum krev sitt. Ikkje min favoritt heller. Har ein som skal endrast litt, men finn alltid på noko anna, som er mykje meir likandes.
Ynskjer deg lukke til med resten av førebuingane og sjølve dagen!

Klem:)