onsdag 18. mai 2011

Gjere-lite-og-ingenting-dag......;o)


I dag har lufta rett og slett gått ut av ballongen;o)

Eg skal nyte ein vanleg kvardag utan dei store oppgåvene...
Eg skal berre vaske og stryke skjortene så dei er klare til helga att.

Og så må eg i løpet av veka dampe stakken til konfirmanten;o(
Slusene opna seg, og regnet ausa ned, både under barnetogen og borgartoget så foldene til både minste- og eldstegullet må dampast på nytt. Den minste er eg ferdig med...;o)

Men dagen var god og travel, med tog, gode taler, song, hurrarop, korpsmusikk, flinke drilljenter, is, pølser og kaker.

Dagen vart som vanleg avslutta med spleiselag saman med gode vener. Det er ein god tradisjon.


Og no gledar eg meg til å sy att! og eg skal sy noko heilt anna enn bunadssaum.....
Eg har mange idear og har fått bestilling på nokre kjekke oppdrag. No er eg snart klar for å starte på dei;o)

Når eg ikkje har ordna bunad og bordpynt har eg landa i sofaen med strikketyet. Det har resultert i at denne vesten er ferdig.

Eg forelska meg første gang eg såg den! Den var ikkje så enkel å få tak i..... så eg tenkte eg kunne lage den sjølv....;o)




.....og med denne skissa, med div. mål og nokre bilete gjekk eg i gang og no kan eg svinse runt i ein liknande vest;o)

Eg er godt nøgd!, og den er i ein av yndlingsfargane mine......

Eg har strikka den "i tre omgangar".
Først kragen, så plukka eg opp masker til ryggen og til slutt strikka eg stykket med holmønster. Det vart sydd til på ryggen og kragen.




Ein omgang med fastmasker rundt front og ermhol, og som vanleg...;), ein heklekant nedst vart min versjon av vesten.

Nytt strikke/hekle/saumprosjet er i gang....

Ein UFO er under arbeid og skal bli ein topp til ein frisk sommarkjole....;o)

Godt eg ikkje er handarbeids- og idélaus......;o)



Ha gode dagar!

1 kommentar:

LeKaQuilt sa...

Rå stilig ! Og så flink du er !! Mektig imponert er jeg :o))