lørdag 28. mai 2011

Kosekveld!


I går var vi heldige å få besøk av glade, flinke quiltarar frå Førde.

Dei la siste quiltemøtet før sommaren til Florø og inviterte oss til å vere med. Slike kjekke invitasjonar seier vi ikkje nei ti!l Vi ordna med mat og pynta Kreativiteten til fest og gjestane våre ordna med ein aktivitet til kvelden.

Vi fekk beskjed om å ta med mobilen vår så ordna dei materialpakkar.

Her ser de resulatet frå kvelden. Mobilvesker til å feste i beltet ligg på rad og rekke.



Materialpakkane inneheldt alt og då meiner eg alt! Filt, stoff til pynten, mønster, knapp, tråd og nåler!

Vi kunne berre kose oss med saum, god prat, mat og sjølvsagt loddsal;o)
Med oss heim hadde vi ei ferdigsydd veske til mobilen og gode minner om ein kjekk kveld. Og endå kjekkare er det å vite at vi skal samlast att til hausten for å sy saman ei heil helg!
Det skal bli kjekt, vi gleder oss allereie! Det er kjekt å ha noko å sjå fram til;o)

Her er mi veske, klar til bruk.



Sommaren let vente på seg, eg lurer på om han har ein lang veg hit.....

Torsdag kveld trudde eg at den var komen for å fekk vi denne vakre solnedgangen.... Vakkert!!

Men det er godt syveir, så eg tenkjer eg skal tusle inn på syrommet.
Der finn eg fargerike stoff som minner om sol og sommar. Det er ei god trøst.....;o)

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Så fine! Det veldig hyggelig å sy sammen med andre like glade lappedamer. Skjønner godt at du gleder deg til høstens treff :o)

Lilla dør sa...

Det var eit flott tiltak...eg skulle ha vert der! Flotte mobilveske dokke laga og. Eg har høyrt rykte mellom anna ein god potetsalat:) Kari klem