onsdag 25. mai 2011

Sommar....


No kan sommaren, sola og varmen berre komme hit!!

Eg er klar med sommarduken min. Den minner meg om jordbær, vannmelon eller is med lune bær på.......
Det er ikkje noko i vegen med fantasien.....;o)

Midtstykket på duken vart til på ein medlemskveld på Kreativiteten tidleg i mai. Temaet var crasyquilt.

Fire stoffbitar, lagt i bunke, vart kutta i ulike bitar litt på skrå.
Deretter pusla vi dei saman til nye fire rektangel, som vi sydde saman att.



Eg ville leike meg litt meir så eg snudde blokkene og kutta dei på nytt, denne gangen på tvers.
Så var det å pusle på nytt og sy. Slik kunne eg fortsett i fleire omgangar, og enda opp med bitte små bitar.... kanskje neste gang....?...;o)

Eg valde å lage ein fin sommarduk til uteplassen, så no inviterer eg både sola og varmen til å komme på eit laaaaangt besøk.....;o )


Av og til lurer eg på kven det er som kikkar innom meg her på bloggen.
Eg likar så godt å kikke innom andre bloggar dei gjev meg mykje inspirasjon. Det er kjekt å komme innom dei eg allereie har oppdaga, men nye bloggar er alltid kjekt å finne...... ;o) med ein kommentar kan eg lett finne både nye og "gamle" bloggar;o)

Gjer dagen din god!

7 kommentarer:

Ann Tove sa...

So fin duk. Var på kurs i crazy Quilt i vinter, men har ikkje fullført det eg begynte på. No vart eg inspirert til å gjere det ferdig. Einig med deg når det gjeld besøkande på bloggen. Men har ikkje vore flink sjølv i det siste, når det gjeld å legge inn komentar. Prøver å skjerpe meg på det området. Ha ein fin dag, håpar vi snart får besøk av sola.

Kerstin sa...

Så lekre, fine, vårlige farger det var i den duken. Som sagt før - jeg beundrer deg som kan trylle slike vakre ting fram med sying :)
Ha en flott dag.
Klem

Inger Anne sa...

Morsomt mønster og lekre farger :)

Haldis sa...

Koslig sommer duk, vi ventar på sommaren! Er ofte innom deg, men tar ein seg tid til ein kommentar, nei. Skal bli flinkare til det, veit kor kjekt det er å få kommentarar sjølv. Ha ein fin dag!

Margit sa...

oj så fin! Crazy quilt er moro!
Eg håpar sola og varmen snart er tilbake :)

ahli sa...

Nydelig duk. Kjekt å se innom bloggen din. Jeg fant deg da jeg var innom en annen blogg. Jeg legger meg som følger til deg.

Ha en fortsatt fin dag.

Astrid

Lilla dør sa...

Flott duk! Det lyse sommer av den!