lørdag 11. juni 2011

Berre vere.....



Endelege går det å sitte ute utan å blåse vekk, bli våt eller fryse..... Sola prøver å komme gjennom dei lette, kvite skyene og glimtvis klarer ho det og vi ser i den blå himmelen...


Eg har ein rastlaus dag, eller eg gjer litt av det, litt av det og litt av det... Det blir litt rydding, litt strikk, litt saum, litt av alt og lydbok på øyret.






Jentene er saman med venninner og treng berre at mamma er tilgjengeleg og er her. Så eg er.... litt inne og litt ute og gleder meg til ettermiddagen då vi har planlagt ein tur til sjøen.

Jentene jubla når eg nemnde det. Planar om å vasse, ha med håv og kanskje noko lite å bite i lokkar.






Det er godt å berre vere og kunne gjere nett det, og kunne glede meg over fine fargar, gå barføtt og ikkje skulle noko spesielt.

Berre kunne gjere det ein har lyst til akkurat no. Nyte nydeleg silketråd på pinnane i nydelege fargekombinasjonar. Sy nokre sting med maskina å sjå om prosjektet blir bra, eller nyte blomane, frisklufta, fuglasongen og minstegulla mine....,o)


Gjer dagen din god!

Ingen kommentarer: