fredag 10. juni 2011

God tur!




To av mine to kjære er på tur i pinsa. Dei reiser lett, i vert fall heimanfrå....;o) Då tenkte eg at dei hadde bruk for desse kjekke toalettveskene.

Dei er ferdig med første etappe på landevegen og er kome ombord i flyet og på veg ut i verda;o) Eg veit dei vil få ei super langhelg.




"Kun håndbagasje" frå My Quilt var kjekke å sy. Forklaringane er lette å forstå og enkle å følgje. Dei er dyktige, dei to damene bak bladet!

Og med slike fine stoff  vart det endå kjekkare;o) Dette er stoff som eg har kjøpt, berre fordi eg synes dei er fine, og ikkje til noko spesielt prosjekt. Men med slike kjøp, i dei fargane og mønster som eg likar godt, finn eg alltid noko frå lageret som eg kan kombinere...



Då innsida av veska er i plast, brukte eg ein kontrastfarge på undertråden slik at quiltinga pyntar innsida av veska.

No brenn eg etter å komme inn på syrommet, for eg har nok eit prosjekt på gang. Og det blir spennande å sjå korleis det blir når eg får sydd saman nokre lappar.....;o) De får sjå om litt.....;o)

Gjer dagen god!  

2 kommentarer:

ahli sa...

Kjempefine toelettmapper du har sydd.

Kos deg på syrommet.

Astrid

Lilla dør sa...

Kjempe bra. Dei var knall fine. Fekk lyst sy men det er den tida! No går det mykje i brudlaups førebuinger, Ha ei god helg. Klem Kari