fredag 10. juni 2011
God tur!
To av mine to kjære er på tur i pinsa. Dei reiser lett, i vert fall heimanfrå....;o) Då tenkte eg at dei hadde bruk for desse kjekke toalettveskene.
Dei er ferdig med første etappe på landevegen og er kome ombord i flyet og på veg ut i verda;o) Eg veit dei vil få ei super langhelg.
"Kun håndbagasje" frå My Quilt var kjekke å sy. Forklaringane er lette å forstå og enkle å følgje. Dei er dyktige, dei to damene bak bladet!
Og med slike fine stoff vart det endå kjekkare;o) Dette er stoff som eg har kjøpt, berre fordi eg synes dei er fine, og ikkje til noko spesielt prosjekt. Men med slike kjøp, i dei fargane og mønster som eg likar godt, finn eg alltid noko frå lageret som eg kan kombinere...
Då innsida av veska er i plast, brukte eg ein kontrastfarge på undertråden slik at quiltinga pyntar innsida av veska.
No brenn eg etter å komme inn på syrommet, for eg har nok eit prosjekt på gang. Og det blir spennande å sjå korleis det blir når eg får sydd saman nokre lappar.....;o) De får sjå om litt.....;o)
Gjer dagen god!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Kjempefine toelettmapper du har sydd.
Kos deg på syrommet.
Astrid
Kjempe bra. Dei var knall fine. Fekk lyst sy men det er den tida! No går det mykje i brudlaups førebuinger, Ha ei god helg. Klem Kari
Legg inn en kommentar