torsdag 9. juni 2011

Regn er også fint.....



Vi har veldig varierande veir for tida.... Anna kvar dag med sol, varme og regn. I går var nok ein nydeleg utedag og eg tenkte at no var vel sommaren komen.....;o) Så høyrde eg regnet på taket då eg vakna i dag, og kjende eg at humøret dala litt....


Men etter morgonturen, sette eg meg ute og høyrde på sommarregnet. Det er fint det og. Deretter vandra eg rundt med kameraet.





Den fyrste valmua er her og den er vakker både i regn og sol....













 Regndropar på blad har lenge fasinert meg og det er vakkert.....







 







 

.....når eg berre tek meg tid til å sanse det og sjå det.





 




Fargane blir klare og sterke, og dropane gjev vakre mønster.












Og her er jo solsrålen, sjølv på ein regnveirsdag. Strålande gul! 

Eg kan ikkje anna enn å bli glad  når eg ser alle desse vakre fargane i hagen vår....











Litt forskjellige fargar på syfroten  har eg og. Dette er berre ein liten sniktitt, når det er ferdig kjem det fleire bilder.

Det er glede å kunne lage noko med vakre fargar, det gjer ein regnveirsdag god!


Gjer din dag god!

Ingen kommentarer: