onsdag 15. juni 2011

Gamle tekstilar i ny form....


Endå ein sommarduk er klar.
Prosjektet starta med eit quiltemøte . Eg likte veldig godt denne måten å sy på. Utan å tråkle noko særleg, slik som der er vist her.

Eg har vore så heldig å få fleire vakre gamle tekstilar. Fleire sengeklede i vakre mønster og fargar. Midten av denne duker er av desse stoffa, kombinert med nokre bita frå klede, som og er nokre år...;o)



Stoffa i rammene rundt er ikkje brukt før. Begge er nok impulskjøp. Det ytterste av nyare dato... og det passa så godt til denne duken;o)

Eg har brukt bomullsvatt, vaska den slik at den har krympa litt. Synes det passar godt til dei gamle tekstilane.

Eg har handquilta rundt dresdenplatene og sirkelen i midten. Kvart kvadrat er og handquilta. Rammene er quilta med maskin.



Eg var ute på tur i dag.....og då fekke eg nok ein gang sjå at grått, er ikkje berre grått. Grått har mange nyansar. Grått, ....mørk grå,..... lys grå,..... grå-blå ......


Eg starta her i desse nydelege omgjevnadane. Vakker lauvskog og fin fuglesong gav ro og glede. Etter eit stykke på grusveg gjennom skogen kom eg fram til sjøen.

Eg ville vere nær sjøen i dag, kunne gå på svaberg og høyre bølgeskvulp. Vi er heldige som kan finne også det her i Florø.



Sette seg ned, å la blikket kvile i det grå. Berre sitte, høyre fuglane og bølgjene som slo mot land etter ein båt som drog forbi eit godt stykke ute, gjorde godt.


Det gav ein fin start på dagen og no skin sola;o)

Håpar den er her i morgon og.....;o)


Ha gode dagar!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Så flott å lage en duk av gamle stoffer, den ble kjempefin! Du er utrolig kreativ :o)

ahli sa...

Flott sommerduk. Nydelig arbeid.

Astrid