lørdag 4. juni 2011

Runde former...

Desse runde mappene til rundstrikkepinnar har eg pusla på med dei siste dagane. 

Dagane har vore noko oppstykka og stundene på syrommet har vore hyppige, men dog noko korte. 

Slik blir det når min kjære for ein kortare periode har blitt vekependlar. Då fell dei fleste følge-opp-oppgåvene på meg. Lekser, aktivitetar, transport, møter, matlaging m.m. 


For å seie det slik så merkar eg at min kjære plar ta sin del av desse oppgåvene i kvardagen....;o) Ja, ja det skal nok gå dei siste vekene som er att av skuleåret;o) Og det gjer godt å merke at han gjer sin del når han er her.......;o)  

Når han då kjem heim vel eg gjerne handsaum, strikk i staden for å sitte aleine på syromet;o)
Det er godt å vere saman når han er heime.

I kveld får han då likevel sitje aleine. Fotball kan eg fint vere forutan! ;o)


Desse mappene har eg hatt bestilling på ei god stund. Og etter våren sine oppgåver og gleder! har eg no kunne lage dei.

Dei er laga av to sirklar. Den eine sirkelen har fått glidelås og så er dei sydde saman med ein lukkekant. 
Runde og fine til rundstrikkepinnane;o) 
Pynta på forskjellig vis med applikasjon eller tekst.

No tenkjer eg det blir orden i sakene.....

Gjer dagen god! 

4 kommentarer:

ahli sa...

Kjempefine disse mappene dine. Slikt som er kjekt å ha.

astrid

Mona sa...

Så flotte rundpinnemapper. Likte veldig godt blomstene og sommerfuglen. Ha en super søndag.

Bente sa...

Så fine mapper du har laga.
Kjekt å få orden på rundpinnane.
Ha fin søndag :-)

Klem

Lilla dør sa...

Dei var fine Solveig! Flott dekor på dei! Ha god søndag videre. Klem Kari