søndag 12. juni 2011

Søndagslukke



Enno ein fridag til å bruke nett som ein vil;o) Få planar.... berre ein idé om å sy noko dersom dagen gjev rom for det...

Håpet var at det skulle vere sol og varme så eg kunne sitte ute med dette. Handquilting i solveggen hadde passa meg godt. Enno er himmlen lys grå, nesten kvit, men kanskje vil det forsvinne i løpet av dagen og sola dukkar fram. Eg tenkjer dei vil det;o)






Elles har eg fått ferdig dei to siste broderia til dette prosjektet så eg kan starte å sy dei andre blokkene. Eg tenkjer å gjere min eigen vri på dei andre blokkene. Eg har i grunnen sett føre meg heilt andre blokker frå eg starta med dette prosjektet. Eg trur eg held meg til det.





Ein god dag i går gav denne flotte avslutninga. Eg er utruleg heldig som kan nyte den eine flotte fargefesten etter den andre når sola går ned.

Uansett når eg kastar eit blikk ut vindauga kan eg nyte vakre fargespel og eit vedunderleg lys, berre eg tek meg tida til å nyte det. Og det gjer eg titt og ofte. Det er fasinerande både i regn og sol, det er eit spesielt lys uansett.


Gjer dagen god!

4 kommentarer:

Tidsfordriv sa...

Solen titter nok fram i løpet av dagen, men det er fint å sitte ute om det bare er opplett. Takk for mange hyggelige kommentarer på siden min.

Mona sa...

Flotte arbeider du holder på med. Ønsker deg en fortsatt god Pinse!

Anna O.Nilsen sa...

Bare må innom bloggen din daglig for du syr de nusseligste ting.Sitter her med mangfoldige påbegynte prosjekt men kommer ikke videre,Tror jeg må ta en lang spasertur å tømme hode litt før jeg går igang.Ønsker deg ei fortsatt god pinse.Klem fra meg.

ahli sa...

Fine ting du har laget. Lykke til videre

Astrid