onsdag 22. juni 2011

sommarfri.... eller.....

Skuleslutt = sommarferie.... eller om litt.... Helga og veka så langt har vore fullsett med diverse aktivitetar.

Eldstegullet, saman med nokre klassekammeratar arrangerer aktivitetsveke for 3-6 kl. Dei skal passe på og aktivitsere 25 ungar. Dei er heldige å få låne nokre rom på ungdomsskulen og har travle dagar.

Mandag var det min dag til å vere innom i løpet av dagen for å sjå at det går bra. Det har det gjort så langt, og eg trur at alle har kjekke dagar. Mellomstegullet er med og ho kosar seg.



I går hadde eg ein fin, men travel dag i Bergen. Mostegullet skulle inn til tannlege i Bergen og eg var heldig å få følgje han.

Det vart ein travel, men kjekk dag saman med han. Vi tusla rundt i Bergen i solskin. Vi gjekk ein heil del og eg lot han bestemme det meste, så quiltebutikkar får eg besøke neste gang....;o)

Men tre trånøster og eit Rowanmagasin fekk vere med heim;o)



Søndag fekk eg pynta litt ute, planta om og planta ut nokre sommarblomar. No nyt eg å kunne sette meg ut og det er eit "hav"blomar rundt meg. Terassen er rein og syrinen duftar herleg.

Til no har eg ikkje vore klar til å plante om og ut. Dei dagane det har vore fint og varm har eg ikkje hatt plantane på plass... men no er sommaren komen krukker og bed rundt huset.

I sola er der varmt og godt og eg har fått nokre fine kveldar ute i go'stolen med ei god bok. Det gjer godt! Og dufta frå syrinen kjem smygande også i kveldstimane.




 
I pausane mine har eg strikka dette skjerfet. Det er etter eige hovud...

Eg hadde eit nøste handfarga silketråd i nydlegege fargar. Den går frå syrleg grøn over i okergul via i ein brunleg farge som endar i lilla. Ein fin fargeklatt til meg som gjerne har noko om halsen heile året.


  
Eg la opp nokre få masker og strikka eit enkelt holmønster.
Auke i eine sida til halve nøstet var strikka så starta eg å felle masker i same sida til eg hadde like mange masker som eg la opp.

 Det var nok tråd til ein kant fastmasker rundt (nesten) heile skjerfet...;o)

Gjer din dag god!

Ingen kommentarer: