tirsdag 14. juni 2011

Uglefint.....




Mine kjære er komne heim og med seg hadde dei haugevis med opplevingar, nokre gåver til oss som var heime og "litt" til seg sjølv.

Eg var så heldig å få denne flotte veska;o) Det blir nok eit kjært følge;o) Passar meg, gjer den og!


Jepp ein heil skare ugler, kloke og leikne nett slik eg likar dei!



Denne nydelege boksen hadde dei og med heim til meg. Full av, for meg, nye smakar av god te. Det skal bli mange gode stunder med tekoppen i sommar;o)

Eit handarbeid eller ei god bok samam med ein stor! kopp te gjev ro i sinnet og gjer pausene gode.

Det skal bli nokre slike i sommar ute både i regn og sol....;o)


 Og den flotte boksen då, berre den er ei flott gåve!



Denne ruskeposen var ferdig og sendt før helga. Eg håpar den kjem vel fram til mottaker;o) Det er veldig kjekt å pusle saman stoff og fargar. Eg håpar mottakaren blir nøgd.

Utgangspunkter var det blomstrete stoffet på utsida av posen. Det, stoffet på innsida av posen samt midten i nålputa var i ein stoffpakke som eg berre måtte ha. Også denne gangen utan noko eksakt prosjekt berre til glede;o)





Dei var kjekke til dette prosjektet;o) Og jammen har eg litt att til fleire prosjekt;o)


 No vil eg ha litt tid på syrommet. Seinare i dag er det duka for mange gode, kjekke opplevingar.

Sommaravslutning av pianoundervisninga til mellomstegullet. Då skal vi få høyre på våre håpefulle. Det skal bli ei god stund.

Deretter skal eg vere saman med gode venner og dele kvelden, god mat, god prat og mykje latter.

Det er altså ein god dag i vente!

Gjer din dag god! 

2 kommentarer:

Rita sa...

Det var en fin ruskepose som mottaker helt sikkert vil like veldig godt.

Ann Tove sa...

Koseleg med presangar. Og flott ruskepose du har laga. Kvar gong eg ser ein slik, tenker eg at slik skal eg jammen lage. Men kjem eg so langt.....neida :) Ha ei fin veke.