søndag 3. juli 2011

Akutt veirsjuk......



I dag treng eg oppmuntring i alle variantar..... Eg har fått akutt "veirsykje" Eg vil ha sol og varme NO!!! Ein dag i ny og ne er ikkje nok lenger.....
Eg er nok ikkje heilt enkel å vere saman med i dag, så eg trur eg får tusle meg inn på syrommet som nok kan kallast "furterom" i dag....;o)

I går hadde vi ein nydeleg dag med sol og etterlengta varme og eg var ute med eigna syslar. Då vart denne alven ferdig.Nok eit nydeleg bilete til alveteppet mitt. Alv nr 5 er allereie klar i broderiposen.



Eg har funne endå...;o) ein fin sommarsyssel. Eg vart inspirert av Anne som har hekla fleire nydelege tepper i same mønsteret som eg har sett meg ut. Eg tenkte, som ho at eg ville bruke ein anna farge enn svart til samanheklinga, og når eg såg dei nydelege fargane som Anne har brukt kunne eg berre ikkje la vere.....;o)

Vi planlegg og ferien vår og Moldejazz er allerie klar. Eg har og lyst til Danmak, men i dag vakna eg og kjende at berre eg får sol og varme så er det det same kvar eg er.... Min kjære er på leit etter sommarhus og det blir Nordjylland og eg forventar at det er sol og varme når vi skal dit......;o) Vi fortener det!

Gjer dagen din god!


.....Og pass deg for "veirsykja" - eg trur den kan vere svært smittsam.....;o)

3 kommentarer:

Ann Tove sa...

So fin alv du har laga.
Ja, det går an å verta veirsjuk av dette..føler med deg der.
Fekk lyst å begynne på eit teppe eg òg no, når eg ser kva du er begynt på. Kanskje eg må ta eit dykk i garnlagerer mitt utpå dagen...

sall1234 sa...

Huff ja, jeg skjønner en kan bli værsjuk. Vi gler oss jo alle til sommer og sol og når dagene forsvinner i tåke og regn blir det ikke som vi hadde håpet på. Får håpe det letter og at sola kommer til deg også. Her har vi hatt sol på morgenen, men det er overskyet nå og det ser litt truende ut. Ha en koslig kveld på "furterommet".

KariL sa...

Ja skjønner godt at du kjenner på værsykja og tyr til furterommet. Korlies vi skal få inn overskuddet før hauststormane set inn, begynner å bli uforståeleg. Men du verden kva vi tåler. Du skal sjå det blir ei ordning på det. Kanskje vi skulle planlegge felleskveld for å samle energi på anna måte:)

Klem :)