fredag 1. juli 2011

Utfordrande.....;o)



Eg er så heldig å få eit spennande oppdrag. Oppdraget var veldig fritt og eg skulle "få frie tøyler" Det er både godt og vanskeleg.....

Godt fordi eg kan leike meg og bruke min kreativitet, vanskeleg fordi eg ikkje veit korleis eg skal gjere det og det gjer det litt vanskeleg å starte....

Men det har kverna rundt i hovudet ei stund. Idear har kome og gått. Nye idear har kome rekande og dei har surra rundt i hovudet ei stund.

Eg har ein ide, eit bilete i hovudet, og ut frå det har eg kjøpt nokre stoff. Eg har eit bilete av eit av kjennemerka til Florø. Kinnaklova er eit flott landemerke og eg tenkte å ta utgangspunt i det.




Framleis er det fantastisk syveir!! så eg har berre tenkt "å hoppe i det". Det blir spennande å sjå om det blir slik eg har tenkt det - lik biletet i hovudet - eller om det endrar seg undervegs.......;o)

Det kjem nok litt meir om dette når eg berre har..... starta...... og leika meg ei stund....
Det blir spennande å sjå kvar det endar, og om eg blir nøgd.....;o)

Ei lita rose til deg frå meg i dag, fordi du fortener det;o)

Gjer dagen din god!   

Ingen kommentarer: