onsdag 29. juni 2011

Sommarregn....


Til trass for veldig godt syveir;o), med regn, regn og atter regn kvar dag, har eg ikkje fått sydd så mykje.

Av og til "tek kvardagen" deg og det er viktigare ting som berre må gjerast.

Livet tek svingar som ein ikkje ser før ein er midt i dei, men ein veks på dei er faringane ein får, og får ny forståing når ein er gjennom dei.

Dei siste dagane har vore slik.


Men no har eg fått ferdig nokre bokomslag som eg tenkte å legge ned på sommarbutikken til Kreativiteten.

Det er dei de har snikkikka på tidlegare....;o) Dei er i lin med pynt i lyse lette sommarfargar og litt retro.

Nok ein gang er det hjerter, sirklar og blomar som er pynten. Det går igjen hos meg.....

Og så ordet FRYD, er eit ord eg er veldig glad i;o)



Eg likar at desse omslaga også har ei fin bakside.... difor har eg pynta dei litt der og...

Til trass for regnfulle dagar har eg sett meg godt tilrette i hola mi, om kveldane.
Med mange kveikte lys, go'boka og eit teppe, om det er trong for det, les eg og lyttar til regnet.

Det gjev ro i sinnet og akkurat no har eg bruk for det. Det gjer og til at det på handabeidsfronten er heller lite nytt...



Men skal tru om eg ikkje snart er i gang att. Det er og greitt å sitte med handarbeid og lydbok i stille kveldsstunder.  

Trass regnfulle dagar har vi likevel fått slike varkre kveldsutsikter. Det gjer godt, og eg får trua på at det nok vil komme sommar og varme, ..... om litt....;o)... og gjerne med ein gang....;o)

Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

sall1234 sa...

Godt å kunne kose seg med symaskina i regnvær. Her skin sola i dag men mørke skyer truer i sør og det melder regn i morgen. Fine bokomslag du har sydd. De likte jeg. Hos meg er det lett at jeg syr hjerter på alt. Prøver å ta meg i det, men plutselig er det et hjerte påsydd likevel. Ha en fin kveld.

LeKaQuilt sa...

Kjempe fine bokomslag! Så link du har vært med motiver og stoffer :o) Og så mange du har sydd... enten har du vært veldig flittig eller du har hatt like mye regn som oss.
Jeg liker at du har pyntet baksiden også.

Mona sa...

Så flotte bokomslag. Jeg kunne tenke meg å kjøpe det med den gule blomsten på hvis det er mulig. Mailadressa mi finner du på bloggsiden min. Ha en fortsatt super onsdag.

Svalen sa...

Å, så mange nydelige bokomslag!
Ja, det er trasig sommervær, godt vi har stoffer, nål og tråd å kose oss med:)