tirsdag 12. juli 2011

ÅPENT.....


Denne "vimpelen" er no overlevert til Kreativiteten.

Det har vore eit utfordrande arbeid, då eg fekk heilt frie tøylar. Eg fekk bestemme alt frå form, størrelse, fargar og kva motivet skulle vere.

Etter nokre dagar og veker med idear og tankearbeid, var eg klar. Stoff, tråd m.m. vart handla inn, eg supplerte litt undervegs og i helga var det innspurt. Det har med andre ord vore godt syveir nokre dagar.

Denne sida viser nokså klart og tydeleg at det er ope på butikken. Eg har brukt batikkstoff slik at det kan tørke over natta.... Her på vestlandet er det truleg at ein må gjere nett det......

Eit hav av blomar saman med bokstavane livar opp, og set farge på denne sida av vimpelen.

Blå batikk med grøne sjatteringar er god bakgrunn for både tekst, himmel og hav.



Så på den andre sida har eg leika meg med eit motiv av Kinnaklova. Det er ganske "fritt etter" eller kva eg skal kalle det. Eg har teke utgangspunkt i silhuetten fjella og leika meg med holmar og skjær.

Eg måtte ha med solnedgangen som har så vakre fargar, og som eg er veldig glad i. Her har eg brukt fri fantasi så om vinkelen og plasseringa ikkje stemmer heilt med verkelegheita får eg hevde min kunsteriske friheit!

Litt tyll og sjifong er brukt for å få fram skuggar og sjatteringar i motivet. Også her har eg dryssa nokre blomar.

Det har vore kjekt å arbeide med den og når eg først var i gang så klarte eg nesten ikkje legge arbeidet vekk. Medan eg sydde på det eine, var tankane på full fart med neste steg.

No er den hengt opp og eg håpar den fell i smak hos mottakarane;o)

Gjer dagen din god!

10 kommentarer:

Laila sa...

Dette var dritstilig!!! (er det lov å seie det??) Skikkeleg kreativt. Du er flink!!

Lilla dør sa...

Kjempe flott. Du er goè!!! gler meg til å se den. Reiser oppover på fredag. Ha ein god sommer forsatt, klem

Margit sa...

Veldig flott vimpel, begge sider var imponerande!!Flotte fargevalg! Heldige dei som skal ha denne hengande foran døra si :D

Mona sa...

Ååååå dette var lekkert og kreativt. Også så mange søte blomster. Imponert!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fantastisk flott kunstverk! Eg er verkeleg imponert:)

Bestemor Drillo sa...

Jeg beundrer dere som kan trylle frem slike kunstverk! Virkelig nydelig!

LeKaQuilt sa...

WOW så fantastisk ! Meget flott skilt/vimpel. Så flink og kreativ du har vært ! Ønsker deg fortsatt en fin uke. Klem

KariL sa...

Kjempestilig. Du kan kunsten å trylle med stoff og farger.

Klem:)

Bente sa...

Wow...Knallfin vimpel.
Skal sei du er kreativ, denne var verkeleg nydeleg.
Kreativiteten må ha byens flottaste vimpel.

Anonym sa...

Wow Wow!! Knall!!
Hilsen Solveig, kaDuSei