lørdag 9. juli 2011

Perleblogger


I dag er eg så heldig å vere Perleblogger hos Karen Klarbæk. Ho viser fram 2-3 flotte bloggar kvar helg slik at vi andre kan finne flotte og kanskje for nokon av oss, nye bloggar som vi kan følge med på. Eg har funne mange flotte, inspirerande bloggar på denne måten.

Takk Karen for at du deler desse perlene med oss, og takk for at eg får vere ein av dei.
Velkommen til både nye og "gamle" lesarar, legg gjerne att ein kommentar det gledar meg og eg kan komme innom for ei kjekk stund på din blogg;o)


Eg har endå ein grunn til å feire i dag. For 17 år sidan var det ein nydeleg solskinsdag og eg og min kjære hadde samla våre store flotte familier og gode venner til fest.

Min gode pappa følgde meg opp kirkegolvet og framme vad alteret stod Min kjære og venta på meg;o) Det var ein stor dag og eg er heldig som framleis deler livet mitt med min kjære mann og dei tre døtrene våre:o)

Med dobbel grunn til å feire dagen skal eg gjere det eg likar best;o)



Eg skal fortsette med sy rundt og rundt og rundt på dette, vere saman med mine kjære og avslutte dagen med ein middag for to....;o)

Det er ein god dag og eg skal nyt den!

Gjer dagen din god!

6 kommentarer:

bruunsbolig sa...

...sådan en fin blog....og så poetisk du skriver.......jeg bliver helt rørt......fine ting du laver....

Lilla dør sa...

Gratulere med dagen og som Perleblogger hos Karen Klarbæk! Det var kjempekjekt !!!!!!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjekt å finne deg inne hos Karen:)
Mykje fint du har laga sidan sist eg var innom, ja:)
Ha ei riktig god helg!

Marit`s shabby chic og scrapperier sa...

Hei Solveig:) Du har ein flott blogg med dine kunstverk:) Sååå nydelig:)
Kjekt å finne andre bloggarar som også er mine gode gamle sambygdingar:)
Ønskjer deg og dine ein vakker sommar:)
Klem og helsing frå
Marit Sæterlid.

Svalen sa...

Gratulerer med dagen, og lykke til videre:)

KariL sa...

Gratulerer med vel overstått! Slike dagar er godt å feire. Må være kjekt å få vekependlaren heim og kunne nyte dagane ilag. Spennande prosjekt du helt på med. Lekre fargar.

Ha ei god veke!