torsdag 7. juli 2011
Overflod....
Dagen på "furterommet" resulterte i ei overflod av blomar. Eg teikna og klipte heile dagen. Nyskjerrig på korleis det kom til å bli, måtte eg berre legge det ut over bakgrunnsstoffet sjølv om det var krøllete og med store brettar.....;o) Eg ville berre sjå korleis det kunne verte.
Eg var godt i gang og var klar for neste steg, som er nokre bokstavar, men plutseg var det slutt på vlisofix'en min..... Ja, ja då var det berre å nyte blomsterfloret som eg allereie hadde laga, og vente på neste dag og open stoffbutikk;o)
Eg fekk både vlisofix, tyll og sjifong i hus, men så kom sommaren og eg måtte vere ute for å nyte den og det vart lite framgang på blomefronten og utkastet til Kinnaklova.....
I dag var det syveir på nytt og eg har teikna, klipt og limt og er no nesten klar til å sy..... Men bilete av det får komme seinare, for no har eg sege ned i sofaen og min kjære er endeleg kome heim. Dette var siste veka med vekependling og vi gledar oss alle stort til å ha han heime på heiltid!!
Gjer dagen din god!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Dette ser da riktig så spennende ut...ser ut til å bli flott! ;D
Dette såg spennende ut. Gleder meg til å se sluttresultatet.
Astrid
ÅÅÅÅ så spennende ! Gleder meg til å se mere :o)
Legg inn en kommentar