onsdag 6. juli 2011

Flekkfjerning....




Kva gjer ein når den fine, rosa, jakka har fått ein trasig flekk som ikkje går vekk?

Jau, då gjev eg Veslegullet ei bok full av hekla og strikka blomar og spør kva ho vil ha. Deretter finn ein fram bomullstråd i fine fargar og spør kva fargar vil du ha.










Deretter er det berre å strikke sommarfugl, hekle blomar i fleire variantar og til slutt lure inn ein ekstra hekla sommarfugl.......
Veslegullet har sjølv valt fargane og kvar fargane skulle brukast.

Bortsett frå på denne sommarfuglen. Den har dei fargane som ikkje er i blomebuketten. Slik at alle fargane Veslegullet har valt er med.









Så dekker ein flekken bak på jakka med blomar og ein sommarfugl. Sommarfuglen har eg berre sydd fast under kroppen slik at vengjene er lause så dei kan blafre når veslegullet sjølv flagrar rundt.










For at mamma skal bli nøgd;o) vart det og festa ein bukett blomar framme samam med den sommarfuglen som plutseleg berre var der.....;o)

Då håpar eg at jakka kan bli brukt att, viss ikkje har eg hatt kjekke stunder med handarbeidet;o)



Gjer dagen din god!

1 kommentar:

KariL sa...

Så smart. Nesten som ny, ja kanskje enda flottere :)

Klem:)