tirsdag 26. juli 2011

Ufatteleg


Eg synes det er forferdeleg det som ein person har gjort. Det er uverkeleg og ufatteleg. Men eg tenkjer vi må gjere som det er sagt i dette sitatet som har gått verda over :
"Om èn mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise"
Dei siste dagane har eg kveikt lys og tenkt på dei som er ramma og kan ikkje fatte dette. Men eg tenkjer at ein langsomt må gå vidare, ikkje la denne mannen få meir merksemd og la han vinne på sin sjuke måte. Vi må respektere og støtte dei som no lir og la dei få den hjelpa som trengs.



Vi var i Molde på Moldejazz i veka som var, og turen opp og ned tek nokre timar. Det er grei arbeidsfordeleing mellom mannen min og meg, han køyrer og eg strikkar;o)

To enkle feriestrikk er no ferdige. Dei er vaska og klar til å bli dampa. Kjolen skal og få nokre søte knappar. Så håpar eg at to små nydelege slektningar kan bruke dei.


Mønsteret til kjolen er dette, ein nydeleg kjole som Tora Frøseth har laga mønster til. Mønsteret er godt og enkelt å følgje.

Genseren er etter "eige hovud". Eg fann nokre nydelege fargar som eg trur vil passe ein liten pjokk. Striper og raglanermar var utgangspunktet.

Begge er strikka i Lerke og er nydelege og mjuke. Eg vart anbefalt å bruke dette til baby i staden for Alpakka. Då slepp dei små varme hendene til babyar å bli fulle av alpakkafiber.

Blandinga av merinoull og bomull er mjuk og god både til små og store og klør garantert ikkje.

Ta vare på kvarandre!

1 kommentar:

SNILLPIKE♥ sa...

Nydelig genser og kjole. Holder på med den samme kjolen selv, men strikking tar laaang tid med meg. Så det spørs om vesla har vokst ut av den før den er ferdig.

Fin uke til deg, klem.