onsdag 24. august 2011

Eg har så lyst til....



...å sy eit skjørt av desse flotte stoffa.

Veslegullet er ikkje heilt einig i det eine stoffet, men eg trur eg gjer det likevel....;o)

Det kan jo hende at ho likar det når det er ferdig, om ikkje, er det gjerne nokon andre som likar det....;o)



Eg fekk og  lyst til å kjøpe nokre nye plantar til å pynte ved inngangsdøra vår.

Eg var innom min vanlege snopebutikk.... og der kom det inn nye plantar. Kven kan stå i mot slike freistingar?



I dag har eg planta dei i krukker og sommarblomane som har gjort si teneste heile sommaren, men som no var noko slitne og falma, skal få kvile.

Dei har i sommar gleda oss med blome etter blome, så no kan dei kvile seg og sleppe andre til......


Eg fekk ny og bra med energi etter turen i skogen i dag.
Det var trolsk og vakker stemning på toppen og eg kunne sjå blåne etter blåne.

Det gjorde godt å kvile auga på noko fint, medan eg fekk att pusten!, kjende varmen og den raude fargen i fjeset starte med å sleppe taket til eg skulle ned att..
Jepp!, også her er det ny start og nye mogelegheiter etter slaraffenlivet i sommar...

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Flotte stoff i herlige fargar! Litt retropreg over dei - noko eg likar:) Blir nok eit stilig skjørt.
:-)

Ann Tove sa...

Flotte fargar du har valgt til skjørt. Dette blir bra. Ja, det er nokre av sommarblomstene som har godt av å bli skifta ut no. Og der er mykje fristande i butikkane. Ser du går turar i naturen. Eg starta opp igjen i går med mine turar etter ferien. Det var hardt, men godt.