onsdag 24. august 2011
Eg har så lyst til....
...å sy eit skjørt av desse flotte stoffa.
Veslegullet er ikkje heilt einig i det eine stoffet, men eg trur eg gjer det likevel....;o)
Det kan jo hende at ho likar det når det er ferdig, om ikkje, er det gjerne nokon andre som likar det....;o)
Eg fekk og lyst til å kjøpe nokre nye plantar til å pynte ved inngangsdøra vår.
Eg var innom min vanlege snopebutikk.... og der kom det inn nye plantar. Kven kan stå i mot slike freistingar?
I dag har eg planta dei i krukker og sommarblomane som har gjort si teneste heile sommaren, men som no var noko slitne og falma, skal få kvile.
Dei har i sommar gleda oss med blome etter blome, så no kan dei kvile seg og sleppe andre til......
Eg fekk ny og bra med energi etter turen i skogen i dag.
Det var trolsk og vakker stemning på toppen og eg kunne sjå blåne etter blåne.
Det gjorde godt å kvile auga på noko fint, medan eg fekk att pusten!, kjende varmen og den raude fargen i fjeset starte med å sleppe taket til eg skulle ned att..
Jepp!, også her er det ny start og nye mogelegheiter etter slaraffenlivet i sommar...
Gjer dagen din god!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Flotte stoff i herlige fargar! Litt retropreg over dei - noko eg likar:) Blir nok eit stilig skjørt.
:-)
Flotte fargar du har valgt til skjørt. Dette blir bra. Ja, det er nokre av sommarblomstene som har godt av å bli skifta ut no. Og der er mykje fristande i butikkane. Ser du går turar i naturen. Eg starta opp igjen i går med mine turar etter ferien. Det var hardt, men godt.
Legg inn en kommentar