torsdag 18. august 2011

Litt retroaktig, men tøff......





....var kommentaren til eldstegullet då ho fekk sjå den nye kjolen min.


Jau, den er vel det..... Eg synes den er sprek og er i gla'fargar som får meg til å smile.



Saman med dongeribukse eller ein tights tenkjer eg at den kan bli nok ein favoritt..... Gode, klare fargar, for dagar då ein treng energi, eller for dagar då ein vil stikke seg fram.....





Den er nok ein heilårskjole, om sommaren fordi den er flott til brun hud, og om vinteren fordi eg då treng fargar.....;o)



Blandinga av blondestrikk og hekl som gjev ein romantisk overdel saman med det tøffe, bråkete stoffet gjer den tøff, men ikkje for tøff.... søt, men ikkje for søt....Ja, ja det blir mange tankar dette her, men kva synes du?





Eg nyt seinsommaren med å sitte ute i godtolen min om kvelden med handarbeid, kveikte lys og lydbok.

Det er visst berre eg som har bruk for å vere ute litt til....


Eg heklar, syr eller spøtar til det er så mørkt at eg ikkje ser kva eg gjer. Då sit eg litt til å nyt mørket, dei levande lysa og stillheita.


Så tuslar eg inn og pratar litt med dei to som enno er oppe, før eg tuslar i seng og sovnar som ein stein.


Eg trur desse stundene gjer godt og er ei god avslutning på dagen. Eg nyt dei og håpar seinsommaren varer lenge enno...;o)




Gjer dagen din god!

6 kommentarer:

KariL sa...

Kjempetøff og herlige farger, synes no eg. Blir nok ein favoritt ja. Kjekt å sjå at det er andre som nyt fine seinsommarkveldar også. Lys og varme må nytast til siste slutt og med handarbeid, lydbok og kveikte lys må det jo være toppers :)

Klem:)

Barbros lille atelier sa...

Knallstilig kjole!! Nydelige farger!
Blir nok en favoritt det der, ja:-)

GNIST sa...

Her er det bare en ting å si - KJEMPESTILIG!!! Nei, forresten. To ting å si - UNIK og KJEMPESTILIG!!! Jeg er jo veldig glad i å kombinere strikking/hekling og stoff i kjoler, og er også veldig glad i mønsterstrikk som du har brukt her. Overdelen har fine detaljer, særlig ser armene utrolig fine ut! Og enig: dette er ikke bare en sommerkjole. Slike kjoler fortjener å bli brukt hele året, bare med ulikt tilbehør til. Ååå så glad og inspirert jeg ble nå :-)

Ann Tove sa...

Kjempefin kjole. Kvikkar alltid opp med fargerike plagg, og ikkje minst når den er heimelaga og ingen har maken.Den var herleg.

Bente sa...

Artig kjole.
Forstår godt at du kosar deg ute i seine kveldstimar. Det er godt å kunne nyte seinsommaren, for den tidlege kom jo aldri.

God helg til deg ;-)

Birgith sa...

Du var veldig fin i den ;o) Glade fargar som set mennesker rundt deg i godt humør. Skulle ha gitt deg gode ord om den men var nok for opphengt i å skryte av bloggen din. Snakkast igjen.