søndag 21. august 2011

Min juli.


Vi er nokre jenter/damer som i sommar gav oss sjølv ei utfordring. Vi skulle vise kvar veke i juli med ein Mug Rug.


Eller sagt på ein anna måte vi skulle lage ein Mug Rug/krusmatte for kvar veke i juli som skulle vise noko vi hadde opplevd, noko som bereørte oss eller rett og slett noko vi hadde sett denne veka.

Ei utfordring som alle tok på strak arm! Vi møttes denne veka og nokre av oss hadde ferdige krusmatter med oss.

Fire av oss var ferdige, ei var i gang og hadde med seg sine. Dei andre er framleis på tanke/idestadiet og så får vi sjå om dei fullfører.

Her er eit bilderas av dei som vi fekk sjå i veka som var, er dei ikkje flotte???








Eg har ikkje spurt om lov til å vise desse fram, men eg håpar det går bra for dei er alt for fine til å verte gjøymde......;o)






Og her er mine:



Dette er frå 1. veka


Då sydde eg denne ,så tema for krusmatta var i grunnen enkel å finne....



Dette er frå den andre veka. Då var vi på tur og i huset som vi budde var denne vasen.

Eigaren av huset er veldig glad i denne og forma er jo flott, nett som ein flott kvinnekropp med flotte former!




Dette er den tredje veka i juli og vi var heldige å kunne vere på Moldejazz i Rosenes by. Vi hadde ei flott veke saman med to andre familiar som gjorde opphaldet endå betre.

Gode vener, min kjære familie, gode konsertar og eit yrande folkeliv gav meg ei god oppleving som varde i ei heil veke, heldige meg !! Minnene vil vare endå lenger, heldigvis.

Dette er min måte å vise det på;o)



Dette er siste veka i juli.

Den var i utgangspunktet tenkt annleis, men tragedia som skjedde 22. juli gjorde noko med meg, sjølv om eg ikkje har nokon kjende som er ramma.

Vi er vel alle merka på eit eller anna vis av hendinga.

Eg tok då nokre flotte stoff, som eg kjøpte då gjengen var på tur sist. Laga rutenett og forma krusmatta til eit hjerte og teksten har vi vel alle høyrt før. Den er vakker synes eg og seier i grunnen alt.

Gjer dagen din god!



Ingen kommentarer: