tirsdag 23. august 2011

Med stjerner i blikket.....

...eller??

Vi sydde i vert fall stjernemønster i går kveld. Det var veldig kjekt å møtast att etter ein lang og god sommarferie. Nokre hadde halde fri og ikkje sydd noko sidan sist, andre hadde litt å vise fram....;o)

Styret hadde "snudd seg rundt på ein femøring" og i løpet av nokre få timar søndag laga modell, og gjort klart til at vi andre kunne kose oss med handsaum.
Det er flott at vi har eit styre som tek ei utfordring på strak arm, det har dei og vist oss tidlegare.;o)


Det var ganske, uvanleg, stilt i løpet av kvelden.... og eg trur dei fleste vart ferdig med kvar sitt koppeunderlag.

 Eg ser og at det ville vere tøft å sy dei saman til ei brikke eller duk, om du har godt med tolmod....

Det var mange som nemnde at dette var eit fint handarbeid for reiser i båt, bil el.l. då har ein gjerne ein duk ganske snart.....;o)

Kjekt var det i alle fall, takk til styret som fekk oss i gang att!

Eg må berre seie at eg har laga ei av desse, ikkje alle.....




Og heldige meg!

Tenk eg vann to gevinstar. To nydelege lyse stoff og ein stoffpakke til eit koppeunderlag.

Det er ikkje rart eg synes det var ein god start på sesongen......;o)

Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Så flotte stjerner, og så flotte Mug Rug litt lenger nede på bloggen!

Margit sa...

Nydelige stjerner og gratulerer med gevinsten:) No er det snart tida for å starte oppatt med quiltemøter hos oss og :o)

KariL sa...

Fekk ikkje med meg dette desverre. Vi er heldige som har slike styrerepr. som svingar seg rundt, berre for oss:)
Flotte stjerneblokker og gratulerer med gevinsten.

Ynskjer deg ei fortsatt god veke!

Klem:)