mandag 22. august 2011

På autopilot....


Travle dagar gjer at det er godt å kunne sy nesten på autopilot, altså sy noko ein har sydd mange gangar før...  steppe å lese mønster og tenkje alt for mykje. Det er ein god måte å hente meg inn att.

Eg hadde allereie eit stripesett av nokre stoff som eg, nok ein gang..., kjøpte berre fordi dei var så vakre.... Litt bomullsvatt, fôrstoff og ein glidelås og vips så hadde eg denne.


Veska med div kablar og ledningar til pc, mobil ol. var meir enn full.

Den nye mappa har difor allereie kome i bruk og husar sin del av kaoset, som no ikkje er kaos lenger. Det er godt kva ein kan ordne opp i;o)

Tenk om det var like lett å ordne alt kaos på same måte, berre sy ei ny mappe......;o) Det hadde vore noko, det!

Vel, no er det ei ny veke med nye mogelegheiter. Det er mykje kjekt å ta fatt i.


Første møte i quiltegruppa etter sommarferien, foreldremøter, trening for store og små, så det er berre å hoppe i det!
 
Men eg skal berre sy litt først.....

Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Ann Tove sa...

So fin den er. Godt med slike mapper som held orden på div duppedittar. Ha ein fin dag.

KariL sa...

Heilt enig, det var nokre nydelige stoff. Skjønar godt at du kjøpte dei. Nydelig mappe som blir kjekk å ha. Og tenk i går sydde eg òg på "autopilot". Skal vise fram seinare. Trur det blir fleire. Måtte berre!!! Når ein held på med større arbeid, er det godt å berre sy noko kjapt og på "auto".

Ha ei god veke!

Klem :)

Orlaug sa...

Fin mappe i fine stoff.
Tru om den dagen kjem at eg kan sy på autopilot.....hm.....trur det er lenge til.
Fin veke til deg!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fin! Og autopilot er nok langt fram for min del også...
:-)