lørdag 13. august 2011

Snart skulestart...., NEI! ikkje sei det!!!!

Det nærmar seg skulestart og dei tre jentene våre er spente kvar på sin måte. Minste gru-gledar seg til å starte i 2. klasse. Eg trur ho gledar seg mest til å sjå vennane att og vere samam med dei kvar dag att. Men det blir og rart då ein manglar.

Mellomste skal opp i 5. klasse og gledar seg til nytt klasserom, storskule og kunne vere saman med bestevennina som går i 6. også i friminutta. Men så kjem ho på at dei skal få ny lærar, meir lekser ..... men det er fort gløymt att.....

Eldste vil ikkje høyre snakk om skulestart! 10 kl og haugar med lekser, lange timar og lite studietimar og IKKJE nytt klasserom i år heller. Så det er forbud å snakke om skulestart med henne.... men eg trur det går seg til også i år, sjølv om det blir mindre tid til favorittsyslane sy, lage kort, ligge i senga med pc, film m.m.;o)

Det er rart med august, kjensla av ny start er der framleis sjølv om det er lenge sidan eg var den som skulle starte på nytt skuleår. Men med jenter i skulealder vil den komme kvart år lenge enno...... heldigvis.....;o) Ny start, nye mogelegheiter er alltid kjekt.

Eg har og starta på eit nytt alvebroderi. Ny start, nye fargar og mønster;o)
Dette er ferdig, Det har gått i ferietempo, i sneglefart altså.... og det har vore med meg rundt omkring på ferieturane vi har hatt i sommar. Men i går ettermiddag broderte eg siste stinget;o) Det er det femte bildet.
Det sjette kom i posten i juli, og optimist som eg er, har også det vore med på tur..... og i går kunne eg starte på det....heime.....

Eg har fått ein forkjølelse, som eg etter beste evne har prøvd å ignorere....men no må eg berre medgå at eg er forkjøla....  Eg nys, frys og sollyset er ikkje godt.. Det stikk i auga som renn, nesten heile tida og huvudværken kan eg ikkje ignorere lenger.... Energien er heller ikkje på topp. Då er det godt å sige i sofaen og brodere.  Men nok klaging for i dag!

Noko godt har kome ut av det, eit borderi er ferdig og eg har starta på neste....;o) Så får eg sjå om det blir ein sofa-brodere-sove-dag i dag eller.....;o)

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

Ann Tove sa...

Ja, snart er det skulestart igjen. Her skal dei to yngste innstaleres på hybel igjen. Blir tomt her heime, men sånn er det berre. Og ekstra kjekt når dei kjem på helgebesøk.

KariL sa...

Leit å høyre at du er forkjøla. Ønsker deg riktig god bedring!

Alvebilde var nydelig.

Ønsker jentene lykke til i morra.

Klem!!