torsdag 25. august 2011
Solskins skjørt;o)
Det vart full klaff og på med ein gang....
Skjørtet er i bruk og jenta godt nøgd.
Ein kommentar kom kjapt: "Jammen mamma, eg sa jo til deg at du berre kunne bruke stoffet med elefantar..."
Her er det utprøving av skjørtet, det er supert til å snurre rundt i.
Det er den viktigaste testen.
Rund og rundt i full fart så ein nesten blir litt svimmel.....;o)
Det skal ikkje stramme om magen, det løyser gullet elegant ved å ha kleda nede på hoftene....
Det skal vere vidt nok til ikkje å vere i vegen når ein skal leike, klatre, spele fotball m.m.
......og det kjekkaste av alt er at eg sydde ei ugle på til pynt.
Som sagt før så er vi nokså glade i ugler her i huset.....;o)
Vi jentene i vert fall. Eg har ikkje merka at min kjære deler denne gleda, men kven veit.....
Eg blir i vert fall glad når eg ser dei fine gla'fargane i skjørtet. Også denne gangen brukte eg mønsteret frå boka Barn igjen. Det passar perfekt, som Veslegullet så treffande seier det......;o)
Det vil det vere solskin til kvardag og fest her hos oss, i vert fall dei dagane skjørtet er i bruk;o)
Det gjer ikkje noko om det er regnvått ute, for vi har solskin både inne og ute.....;o)
No er eg klar for symaskina att... gledar meg til det;o)
Gjer dagen din god!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Er ikke langt fra ide til ferdig produkt hos deg :o) Kjempefint skjørt.
Så flott det ble! Kjempefine de skjørtene fra Barn igjen - og så gøye å sy!
Superfint!
Heldige prinsesse som kan snurre rundt og rundt i eit så vakkert skjørt! Skal tru om eg ikkje skulle sjå litt på den boka :)
Klem:)
Legg inn en kommentar