tirsdag 16. august 2011

Sommarsøndag og uglenytt.....;o)


Søndag var eg på beina att og kunne vere med på det meste att;o) Minstegulla, mannen min og eg tok turen til Eikefjorden og Eikefjorddagane.

Der var det, som vanleg, mykje både for liten og stor. Jentene fekk vere med på tur med Gråtass. Den køryrde runde på runde med tilhengeren full i ungar. Dei fryda seg og den hadde full hengar heilt til siste tur.

Etter litt god mat i kjekke omgjevnader var dei klare til neste aktivitet, graving med minigravar!

Det var mykje variert underhaldning og musikk som mannen fekk med seg.

 Eg deriomt kunne ta ei runde rundt for å sjå på alle dei flotte utstillingane som var samla.

Det var måleri, billedvev, keramikk, teikningar og salsutstilling av rosemaling, glaskunst, vesker, ringer av englar av sykkel/bil slangar.

Smykker i sølv og metall, hekl, strikk m.m. Eg kjøpte lite, men lot meg, som vanleg, inspirere....;o)

Bileta er frå plassen der vi fekk oss mat. Nydeleg mat og ein god kopp kaffi attpå og med vakkert servise og dukar;o) samt myke å sjå på vart måltidet ei fin stund.
Småprat med både familie, venner og dei som driv staden gjorde stunda endå betre! 

Mellomstegullet trengde nytt penalhus til skulestart. Eg var godt i gang, men den før omtalte sykja...;o) gjorde at eg ikkje vart ferdig til 1. skuledag.

Eg sydde resten i går, så no kan ho ha med både det eine og det andre. Det er med andre ord GOD plass....;o)

Ho ville ha ugler på penalet og i sommar snubla eg over dette flotte stoffet som passa perfekt til ynskjet.

Eg tenkte og at det kunne vere flott til kjole eller skjørt og det er ein god bit att av stoffet så eg får sjå kva eg kan få til.


I dag har eg eit lite luksusproblem, eg har så mange ting eg vil prøve ut så eg veit ikkje heilt kvar eg skal starte.....;o) Som sagt eit luksusproblem.....;o)

Ha ein strålande dag!, her er sola framme att etter øsande regnveir i morgontimane, så der ser ut til å bli ein flott dag!


Gjer dagen din god!

5 kommentarer:

KariL sa...

Fantastisk flott penalhus. Skjønnar godt at det falt i smak. Eikefjordagane er eit flott arrangement. Fekk det ikkje med meg iår. Måtte ein tur til Bergen :)

Klem!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjempefint penal!
Flott stoff! Ugler er jo in som aldri før:)

Lilla dør sa...

Det penalet!!! Det var heilt rått noko av det beste eg har sitt på lang tid. er det verkelig eit stoff med ugler på,

Bestemor Drillo sa...

Det penalet var lekkert ! Jeg er også svak for uglemotiver!
Håper din sommer har vært god !
Klem fra bestemor!

Svalen sa...

Ugler står for visdom, så da passer de utmerket på penalhus...kjempelekkert ble det!