lørdag 3. september 2011

10 år!


Vi feirer eit jubileum i dag. Mellomstegullet er 10 år og det blir feira som seg hør og bør.

Ho og ei venninne har allereie hatt bursdagsfest saman med klassa. 30 ungar, kake, muffins, kjeks, brus og snop, disco, leikar og ein "professor" som tryllar og eksprementerer med flammar, smell og skum gjer lukke.

Professoren er faren til vennina og gjett om det var kult når plastboksen small og lokket fauk i taket,eller når han sette fyr i lause lufta.... Det var til stor glede for både store og små.

Eldstegullet trylla fram kake, nett slik jentene vil ha det. Kjeks fekk bursdagsbarna lage sjølv. Det er kjekt å kunne servere noko som ein har laga sjølv. Muffins er sjølvsagt og alt gjekk ned på høgkant mellom dans, leikar og underhaldning.

Når dei til slutt fekk springe fritt rundt på heile ungdomsskulen kunne det ikkje vere betre. Det var nokre sveitte ungar som vart henta, med store smil om munnen;o) Det er spennande å vere på ungdomsskulen når ein enno har tre år att før ein skal gå der sjølv.....

Eg fekk i oppdrag å lage gåve til vennina, ho ville så gjerne ha eit penalhus. Mellomstegullet valde fargar og stoff som ho trudde kunne falle i smak. Ho hadde og tenkt ut korleis eg skulle lage namnelappen. Då var det ei smal sak for meg å kutte, sy og pynte.

Gåva fall i smak, heldigvis;o)

I dag er menyen bestemt av bursdagsbarnet, så då blir det taco og muffins til dessert. Om litt må kokken på kjøkkenet, men først skal eg ha ei lita stund med eit handarbeid, skal tru kva eg skal velje....



Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Høres ut som at dere har hatt en fin feiring ! Taco og muffins høres slett ikke dumt ut, det heller.
Flott penal :o)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fint penal! Kjekt at ungane vil ha heimelaga ting:)