mandag 26. september 2011

Ny veke nye mogelegheiter!

I dag har lyst til å gjere alt, eg boblar over av energi!! Det er godt å kjenne det;o) 

Vi har hatt ei fantastisk helg heime hos mine foreldre. Den gav godt påfyll!

Eg var så heldig at mamma og eg kunne lage gode kjøttkaker saman. Hjortekjøt og litt svin blanda med gode krydder gav ein haug av kjøttkaker. Hald deg fast, 8 kg.....

Ho viser og deler oppskrift og eg hjelper og syg til meg kunnskap og gode tips.
Forming av kjøttkaker og steiking fekk eg taket på....;o ) Det andre er notert og kan plukkast fram att ved seinare høve;o)


Kvelden og søndag gav rom for godt samvær med mine brødre og deira flotte, kjekke familiar, min kjære og jentene, samt mamma og pappa. 

Det er alltid kjekt og eg nyt dei stundene med god prat, mykje latter og å kunne vere saman med heile den store, gode familien min.

Den flotte rosa  på biletet skal no få komme inn, for ute regnar og bles det, men vi ventar med glede på seinsommaren som skal komme ut i veka....;o)



I mellomtida kan eg lune meg i denne gode jakka i alpakka. Eg har brukt dobbelt garn. Nok ein gang frå Garnstudio.

Den er lang og god og stripene muntrar opp kvardagen og jakka;o)


Kantar og knapper vart til ved innfallsmetoden, og eg godt nøgd;o)

Eg er veldig glad i denne forma på overdelar.



Eg bruker den til jakker, genser og overdelar på kjolane mine og den ligg så godt rundt skuldrane.

Det er godt å krype inn i eit slikt plagg på kjølige dagar.

For meg er det ull eller alpakka som gjeld, eg er ikkje glad i fleese..... Det klør eg av....;o )






Her er eit lite nærbilete av striper, knappar og mønster.

Det vart mange ord og mange bilete i dag....
 ....men no er det slutt  for denne gang.
Det er no ein gang slik at det hovudet er fullt av renn munnen over med;o)

Eg skal starte i ein ende av alt det andre eg vil gjere.


Tida vil vise kor langt eg kjem;o)

Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Ja er ikke DET hverdagslykke, så vet ikke jeg! Å tilbringe tid med familie, overføre kunnskap fra en generasjon til en annen, gjøre no sammen......
Jakken din ser deilig ut......skulle gjerne hatt en slik utover nå........
Ha en riktig fin uke. Klem

Lilla dør sa...

Så flott jakke. Heilt super! Du er knall go'e....er alltid like imponert over din strikkeproduksjon og så flott det er. Det må være fryd og ha den på seg. Klem .

Ann Tove sa...

Kjekt å vere ilag med familien og berre kose seg.
Den jakka kan du trygt krype inn i. Ser lun og god ut, og stripene rundt bærestykket pyntar virkeleg opp.