onsdag 28. september 2011

Valgets kval.....

Ein ny kjole/tunika er på veg....

Overdelen er ferdig. Enkel rundt bærstykke med kontrastfarge og litt pynt. Den er i glattstrikk og kanskje kjem det litt pynt på den....

Tråden var kjøpt inn til eit rutet ullstoff. Men det stoffet blir eg ikkje fortruleg med... Det er for skikkeleg for meg!;o)

Så no har eg funne fram nokre av dei andre fine stoffa mine, så blir kjolen slik at den passar meg....

Eg tenkte å prøve ut ein ny fasong... og då blir det litt tankearbeid.



Eg er "inne i ei boble" klarar ikkje heilt å gje slepp på tankane om korleis eg vil at kjolen skal sjå ut... og kikkar etter idear, teiknar litt...

Etter endå litt tankearbeid er eg klar til å klippe å sy.... og til slutt pynte;o) Eg er litt distre i denne fasen, det merkar nok dei som er rundt meg.....;o )

Undervegs gjer det godt å tenkje på noko heilt anna, medan tankane "go'gjer seg";o) og dermed vart denne til....

Eg har ei nål på baksida og festa den til genseren min.

Vi har informsjonskveld om 4H og då skal eg lage noko saman med ungar. Det må vere enkelt og kunne lagast på kort tid.

For meg er det viktigast å kunne vekkje skapargleda.

Det å få klippe, blande fargar, stoff, perler, paljettar er kjekt.

Det å lære å bruke nål og tråd og sjå at ein får til noko er endå kjekkare!


......Og for nokre gode samtaler ein får med ungar når ein sit slik!

Det var ein kjekk kveld og eg er heldig for eg skal gjere det same i dag!

Gjer dagen din god!

Ingen kommentarer: