Dagane har vore brukt til prosjektarbeid med hjelp av PC og ikkje symaskina. Eg kjenner at det skal bli godt å få sy litt att, om nokre dagar;o)
Etter dagens faglege påfyll kunne eg tusle ut i sola, som eg har kikka på gjennom glaset i heile dag. Det var godt å strekke beina og tusle i skarp haustluft.
Ein tusletur for å samle og sortere tankane i varm haustsol, gjorde godt;o) Det var og godt å kjenne varme solstålar i andletet og gjennom jakka. Ein god måte å hente seg litt inn att.
No ventar god middag og prat i hyggeleg lag, det gjev ei god avrunding på ein god dag.
Fredagsglede
Strikket er med meg, so langt har eg ikkje strikka ei maske..... men det fungerer fint som pause- / fjernsyns-strikk, men ikkje i dag:0)
Det viktigaste er at det er med, i tilfelle eg skulle få ei pause eller skal sitte lenge i ro utan noko å gjere....
Er det nokon som kjenner seg att?
Gjer dagen din god!
2 kommentarer:
Om eg gjer. Må alltid være med og eg har det med denne helga også :)
Heldigvis er det lovt haustsol i morgon også.
Ynskjer deg ei riktig god helg!
Javist kjenner jeg meg igjen! Det er deilig å kjenne sola varme en solsulten kropp :o)
Ha en riktig fin helg! Klem
Legg inn en kommentar