fredag 16. september 2011

Påfyll i haustsol

Dagane har vore brukt til prosjektarbeid med hjelp av PC og ikkje symaskina. Eg kjenner at det skal bli godt å få sy litt att, om nokre dagar;o)

Etter dagens faglege påfyll kunne eg tusle ut i sola, som eg har kikka på gjennom glaset i heile dag. Det var godt å strekke beina og tusle i skarp haustluft.



Ein tusletur for å samle og sortere tankane i varm haustsol, gjorde godt;o) Det var og godt å kjenne varme solstålar i andletet og gjennom jakka. Ein god måte å hente seg litt inn att.

No ventar god middag og prat i hyggeleg lag, det gjev ei god avrunding på ein god dag.

Fredagsglede


Strikket er med meg, so langt har eg ikkje strikka ei maske..... men det fungerer fint som pause- / fjernsyns-strikk, men ikkje i dag:0)

Det viktigaste er at det er med, i tilfelle eg skulle få ei pause eller skal sitte lenge i ro utan noko å gjere....

Er det nokon som kjenner seg att?



Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

KariL sa...

Om eg gjer. Må alltid være med og eg har det med denne helga også :)
Heldigvis er det lovt haustsol i morgon også.

Ynskjer deg ei riktig god helg!

LeKaQuilt sa...

Javist kjenner jeg meg igjen! Det er deilig å kjenne sola varme en solsulten kropp :o)
Ha en riktig fin helg! Klem